Oppdragsvilkår Spir Advokatfirma AS

 1. Generelt 

Desse oppdragsvilkåra regulerer Spir Advokatfirma AS, org nr 935 375 703 (heretter Selskapet) si utføring av oppdraget. Eventuelt avvikande og særskilte vilkår som er avtalt i den kundespesifikke oppdragsbekreftelsen går føre desse oppdragsvilkåra. 

2. Oppdraget 

Oppdraget skal utførast som avtalt, men kan bli endra eller utvida undervegs. Selskapet sin bistand omfattar berre rettsspørsmål underlagt norsk rett. Relaterte skatte- og avgiftsmessige problemstillingar er ikkje omfatta med mindre dette er særskilt angitt i den kundespesifikke oppdragsbekreftelsen. 

3. Salær 

Salæret fastsetjast normalt på grunnlag av verdien av tid. Når salær vert fastsett med utgangspunkt i pris per time og medgått tid, vert timesatsar avtalt særskilt. Timeføring skjer med utgangspunkt i ei minstebelastning på 15 minutt ved kvar arbeidsøkt på ei sak. Dersom kunden ønskjer det, kan Selskapet gje eit ikkje-bindande estimat for kva salæret sannsynlegvis vil bli. Det kan også avtalast å halde kunden løpande orientert om påløpte kostnader.

Selskapet sine timesatsar justerast årleg, normalt med verknad frå 1. januar. Dei nye timesatsane vil også gjelde for pågåande oppdrag med mindre noko anna er avtalt. Kunden vil verte varsla om dei nye timesatsane når dei har tredt i kraft. 

Det kan avtalast andre modellar for fastsetjing av salær, herunder fastpris eller fast månadleg honorar («Abonnement»). Oppdraget sin karakter, inkludert storleik, kompleksitet, behovet for spesialistkompetanse, dei verdiar oppdraget gjeld og oppnådd resultat, kan takast omsyn til når ein fastset modell for salæret. 

I tillegg til salær og eventuelle utlegg (sjå punkt 4) kjem meirverdiavgift etter dei til ei kvar tid gjeldande reglar. Selskapet sitt salær og timesatsar vert alltid oppgitt og avtalt eksklusiv meirverdiavgift, bortsett frå dersom kunden er ein privatperson. 

4. Utlegg 

Eventuelle utlegg som for eksempel reise, opphald og rettsgebyr vert fakturert separat.

Kontortekniske tenester som kopiering og liknande vert fakturert særskilt der dette er relevant og kjem i tillegg til anna salær. 

5. Fakturering 

Med mindre anna er avtalt, fakturerer Selskapet etterskotsvis etter kvar delleveranse eller ved slutten av kvar månad. Ved mindre beløp vil fakturering kunne skje sjeldnare. Selskapet forbeheld seg retten til å krevje forskot og/eller a konto-beløp sjølv om dette ikkje er særskilt avtalt. 

Med mindre anna er avtalt, er betalingsfristen 14 dagar frå fakturadato. Dersom det er spørsmål i tilknyting til ein faktura, skal uomtvista beløp uansett betalast innan forfall. 

Dersom betalingsfristen ikkje vert halden, kan Selskapet 

  • krevje forseinkingsrente i henhold til lov om renter ved forseinka betaling av 17. desember 1976 nr. 100 frå forfall til betaling skjer, med tillegg av eventuelle inkasso- og inndrivingskostnader,
  • avbryte all vidare oppdragsutføring for kunden, og/eller 
  • utøve tilbakehaldsrett i mottatte saksdokumenter, filar m.v.  

6. Forsikring og ansvarsavgrensing 

Kvar av Selskapet sine advokatar har lovpålagt sikkerheitsstillelse for si advokatverksemd. I tillegg har kvar av Selskapet sine advokatar profesjonsansvarsforsikring på NOK 10 millionar. 

Erstatningsansvaret for Selskapet, selskapet sine eigarar, styremedlemmar og tilsette i tilknyting til eit oppdrag er avgrensa til direkte og dokumentert økonomisk tap. Ansvaret er i alle høve avgrensa til den dekning som er tilgjengelig under relevant forsikring og maksimalt NOK 10 millionar. Selskapet, selskapet sine eigarar , styremedlemmar og tilsette er ikkje ansvarlege for indirekte tap eller konsekvenstap, herunder driftstap, tap av forteneste, tap av goodwill m.v. 

7. Teieplikt 

Selskapet og den enkelte medarbeidar i Selskapet har teieplikt som bestemt for advokatar og deira medhjelparar i lov.

Med mindre anna er spesielt avtalt eller følgjer av ufråvikelege lovreglar, reknast Selskapet sine kundar for å ha samtykka til at taushetsbelagt informasjon, herunder eventuelle personopplysningar, kan delast med andre medarbeidarar i firmaet. Dersom Selskapet i eit konkret oppdrag representerer fleire partar i eit interessefellesskap, reknast Selskapet sine kundar for å ha samtykka til at relevant informasjon, herunder eventuelle personopplysningar, kan delast med øvrige kundar i det same oppdraget. 

8. Personopplysningar 

I den grad det er nødvendig for oppfylling av oppdraget, vil Selskapet behandle personopplysningar, også særlege kategoriar personopplysningar om det er nødvendig. Kunden er ansvarleg for at personopplysningar overførast til Selskapet i tråd med personvernlovgivinga. I den vidare behandlinga av personopplysningane er Selskapet behandlingsansvarleg.

Personopplysningane behandlast som ledd i utføringa av oppdraget, slik dette nærare er beskrive i oppdragsbekreftelsen og eventuelt andre instruksar frå kunden. Behandlinga, herunder krav til sikkerheit, revisjon, utlevering og overføring, gjennomførast i samsvar med reglane i personvernlovgivinga. Personopplysningane kan overførast og utleverast til andre partar, som for eksempel motpartar, domstol og offentlege organ dersom dette er nødvendig for å utføre oppdraget eller oppfylle lovpålagte plikter. Tredjepartar kan vere etablert utanfor EU/EØS.

Den registrerte har rett til innsyn i og informasjon om dei behandla opplysningane, samt adgang til å krevje retting av mangelfulle opplysningar og i visse tilfelle rett til å krevje sletting.

Ytterlegare informasjon om Selskapets behandling av personopplysningar finst i Selskapets personvernerklæring som er på Selskapets heimeside. Ved eventuelle spørsmål, kan de kontakte dagleg leiar. 

9. Kommunikasjonssikkerheit ved bruk av e-post 

Selskapet kommuniserer med kunden og andre involvert i oppdraget på fleire ulike måtar, herunder ved bruk av e-post. E-post er ein effektiv kommunikasjonskanal, men den inneber også risiko for at informasjon kan kome på avveie. Selskapet kan ikkje ta ansvar for denne risikoen. Dersom kunden ikkje ønskjer at e-post skal nyttast under oppdragsutføringa, må dette opplysast om til Selskapet. Uten slik nærare beskjed reknast kunden å samtykke til at Selskapet nyttar e-post i oppdragsutføringa, også ved oversending av taushetsbelagt informasjon. 

10. Opphavsrett 

Selskapet beheld opphavsretten til alt materiale (dokumenter, filer og anna opphavsrettsleg verna materiale) som utarbeidast av Selskapet i samband med det enkelte oppdrag. 

Kunden erverver, ved full betaling til Selskapet (i henhold til punkt 3-5) rett til å nytte utvikla materiale til den avtalte eller føresette bruk. 

11. Arkivering 

Saksdokumenter hos Selskapet, enten dei er mottatt eller utarbeidd av Selskapet, vil bli oppbevart av Selskapet i ti år etter avslutning av det enkelte oppdrag. Dei vil deretter bli makulert/sletta utan at kunden vert ytterlegare informert om dette. Kunden vil på førespurnad få sine saksdokument i retur ved oppdragets avslutning. 

12. Klage 

Det er anledning til å få vurdert om oppdraget er utført i samsvar med god advokatskikk. Det er også anledning til å klage dersom kunden er misnøgd med salæret sin storleik. Kvaliteten på arbeidet kan i utgangspunktet ikkje vurderast av disiplinærorgana. 

Som hovudregel er det ein klagefrist på 6 månader som løper frå det tidspunkt kunden blei eller burde blitt kjent med dei omstende klagen vert grunngitt i.

Reglar for god advokatskikk og nærare opplysningar om klageordninga finn ein på Advokatforeningen si heimeside www.advokatforeningen.no

13. Identitetskontroll 

I samsvar med kvitvaskingslova av 6. mars 2009 nr. 11 kan det bli innhenta firmaattest eller avkrevd kopi av legitimasjonspapir før oppdraget kan igangsetjast. Opplysningane vil bli oppbevart og sletta i henhold til lova sine bestemmelsar.

Ved oppdrag formidla gjennom andre enn kunden skal ordinær lovpålagt identitetskontroll av kunden skje, med mindre formidlaren sjølv er rapporteringspliktig etter det relevante lovverket og det vert inngått skriftleg avtale om at formidlaren utøver identitetskontroll av kunden på Selskapet sine vegne. 

14. Lovval, jurisdiksjon og tvisteløysing 

Oppdraget, oppdragsavtalen og desse oppdragsvilkåra er underlagt norsk rett. 

Alle tvistar i anledning oppdraget, oppdragsavtalen og desse oppdragsvilkåra er underlagt norsk jurisdiksjon, med Oslo tingrett som eksklusivt verneting. Selskapet har likevel, etter eige val, høve til å gå til sak for kunden sitt ordinære heimting. 

15. Endring av oppdragsvilkår 

Selskapet kan når som helst endre desse vilkåra med verknad framover.