Om oss

Spir Advokatfirma AS er eit nyetablert advokatfirma under utvikling, med kontor i Volda. Namnet *Spir* speler på ønsket om å hjelpe kundane våre å vekse og utvikle seg, og på ønsket om å vere ein nyskapande og trygg vegvisar i komplekse juridiske landskap.

Vi tilbyr juridiske tenester til både privatpersonar, næringsliv og offentleg sektor, og har særleg kompetanse innan kontraktsrett, offentlege anskaffelsar, immaterialrett, teknologi og digitalisering, cybersikkerheit, konkurranserett, samt familie- og arverett.

I Spir arbeider vi etter verdiane løysingsorientert, integritet, omsorg og bærekraft. Vi trur på at god rådgjeving handlar om meir enn juss – det handlar om å forstå menneske, verksemder og samfunn. Vi er opptatt av å ta i bruk ny teknologi for å finne praktiske og framtidsretta løysingar, og vi ynskjer å vere ein trygg og tilgjengeleg samarbeidspartnar for våre klientar.

Våre advokatar har lang og variert erfaring frå både privat og offentleg sektor. Vi har også erfaring frå domstolane og frå nemndsarbeid, og har god innsikt i både rettspleie og forvaltningsprosessar. Vi tilbyr også meklingstenester som uavhengig meklar og har fleire års erfaring med mekling både frå domstolane og frå nemndsarbeid.

Spir er tufta på ønsket om å bidra til berekraftig utvikling – både i måten vi arbeider på, og i råda vi gir. Hos oss får du juridisk kompetanse med strategisk blikk og menneskeleg innsikt.