Tilsette
Elisabeth Wiik
Elisabeth Wiik er advokat og partner i Spir Advokatfirma AS. Ho har brei juridisk erfaring frå både privat og offentleg sektor, og tilbyr strategisk og juridisk rådgjeving innan fagområde som kontraktsrett, offentlege anskaffelsar, immaterialrett, cybersikkerheit, kunstig intelligens, konkurranserett, arv og familierett, samt fast eigedomsrettsforhold og mekling. Elisabeth har lang prosesserfaring og arbeider målretta for å finne løysingar som er både juridisk solide og praktisk gjennomførbare.
Ho har bakgrunn som sorenskrivar og embetsdommar ved Møre og Romsdal tingrett, og har leiarverv i Klagenemnda for offentlege anskaffelsar (KOFA) og er medlem av Skatteklagenemnda. Elisabeth er også medlem av Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar. Gjennom desse rollene har ho opparbeidd seg djup innsikt i offentleg forvaltning og rettspleie, og eit sterkt nettverk både i næringslivet og i det offentlege.
Elisabeth har omfattande erfaring med juridisk rådgjeving til verksemder i ulike bransjar. Tidlegare har ho arbeidd som konsernadvokat i DNV, der ho arbeidde opp mot alle forretningsområda til konsernet med særleg ansvar for konkurranserett og immaterialrett, samt teknologiske tenester og internasjonal vekststrategi (M&A). Ho har tatt opp igjen samarbeidet med konsernet og har i dag advokatoppdrag for DNV. Ho har også forretningsjuridisk erfaring frå advokatfirmaet Arntzen de Besche, og ho har undervist ved Universitetet i Bergen.
Ho har juridisk mastergrad frå Universitetet i Cambridge og ein Executive MBA frå Norges Handelshøyskole (NHH), med fordjuping i økonomisk styring og leiing. Elisabeth er oppteken av innovasjon og utvikling og har fullført utdanninga «Innovasjons og omstillingsledelse i Brytningstid» ved NHH. Ho er ein engasjert rådgjevar med sterk formidlingsevne og god forståing for både kommersielle og samfunnsmessige forhold. Ho kombinerer juridisk presisjon med strategisk blikk, og er opptatt av å skape verdi for klientane gjennom trygg og effektiv rådgjeving.

